Padlekurs kajakk

PÅ FØRESPURNAD | Introkurs | Grunnkurs

GRUNNKURS HAV

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter fullført kurs klarar du å manøvrera kajakken, du kan bruka padleåra effektivt og kjenner til dei ulike redningsteknikkane for kameratredning og sjølvberging. Varigheit: 16 timar over 2 dagar. Kurset gir deg våttkort frå Norsk Padleforbund.

PRIS: KR 2950,- pr person

INTRODUKSJONSKURS HAV

Du blir introdusert til kajakken og utstyret. Kurset er ein introduksjon til padling som me håpar vil inspirera deg til å halda fram med padling i det vidare. Varigheit: 3-4 timar. Me tilbyr dette kurset på førespurnad, då det også kan gjennomførast på ein ettermiddag for dei som ønskjer det. Kurset gir deg våttkort frå Norsk Padleforbund.

PRIS: KR 1000,- pr person